29 august 2012

Georg Johannesen - Om skjønnlitteratur


Fenomenet skjønnlitteratur er berre to hundre år gammalt. Klassisk litteraturteori var ein kunstprosateori ut frå ein enkel kommunikasjonsmodell. I Rosteds norske Rhetorik (1810) fekk såkalla "romaner" eller "digtet fortælling" berre nokre ganske få sider med lita skrift til slutt. I 1990 er skjønnlitteratur i norsk tyding dame- og middelklasseromanar som massesirkulerte bokvarer. Forskarar med eit "utvida" litteraturomgrep tek difor for seg stadig fleire typar tekstar, men har framleis Ibsen og Bjørnson-Hamsun i fokus. Dei lever frå 1884 til 1905 med Hedda Gabler i senga og seg sjølve på kontoret.

(Samtaler på universitetet, 1991, gjengitt i Sitater fra femti års muntlig praksis, s. 87)

Ingen kommentarer: