31 oktober 2012
Gunnstein Bakke - Maud og Aud
Aud og Maud sit i baksetet når driftssjefen mister grepet, når familien familien blir rykt ut av kvardagen og vegbanen og ei iblant dei, Ruth Bore, frå det eine sekundet til det neste er kommen til endes med alt som har vore henne. Fjellet gjorde ingenting frå eller til, fjellet låg der fjellet låg og stansa det raske kjøtet, det irrande kjøtet, stansa ferda til det dristige kjøtet, og av det som hadde vore Ruth var nesten berre andletet intakt, ei skive skjelvande oppå eit rørleg sjikt av slamser og splintar, med munnen halvt open, som om ho hadde meint å presentere seg for noko altfor ukjent og bratt. For svart til å vere. For hardt.
Fra Gunnstein Bakkes roman Maud og Aud - Ein roman om trafikk. Oktober forlag 2011, s. 17.
Merkelapper:
Anbefalinger,
Bøker,
Sitater
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar