20 november 2012

Lars Amund Vaage - Syngja


 Ein kan ikkje fortelja utan håp. Slik er lova som gjeld skrivearbeidet. Ein fortel, altså vil ein leva. Ein formar noko, altså har ein glede i livet, ein skapar, altså ser ein lukka nærme seg, det ein snart skal gjere ferdig. Om det ikkje var håp, kvifor skulle ein skriva? Om det ikkje fanst ei framtid for menneska, og for meg blant dei, kvifor skulle eg bry meg med å forma ord?
 Kvifor ikkje skrive om det lette og morosame? Kvifor ikkje finna det ein kan glede seg over, fortelja om det, halda det fram for folk? Kvifor ikkje prøva å løfta lesarane ut av deira sorger og bekymringar? Ein kunne skriva lystspel og komediar. Ein kunne få folk til å gløyma. Kvifor gi folk meir vanskar enn dei alt har?
 Men om ein skriv om det mørkaste svarte, om ein fortel om dei djupaste sorger, dei smertelege tapa, den kjærleiken som slokna, den venen som er død, det barnet som aldri fekk veksa – det å skriva om det er å dyrka håpet. Alt det vonde kan lysa mot menneska, i skrift, og når det lyser i skrift, gjer det deira liv lettare. For skrift – dersom ho er god – ville ikkje finnast om det ikkje var ein utveg og ein ny morgon.

Lars Amund Vaage, Syngja, s. 14-15. Oktober forlag 2012.

Ingen kommentarer: