19 oktober 2013

Dag Solstad bruker et stort ord


– Tidleg i boka skriv du at du gir avkall på å dikte. Kva er det då som gjer dette til ein roman?

– At det er ein roman, insisterer eg på. Nei, det er ikkje viktig, heller. Eg er romanforfattar, det er det einaste eg kan, difor blir det eg skriv, ein roman. Kall det gjerne ei overraskande utviding av omgrepet dikting. Rett nok er det ein vanskeleg roman, ein antikommersiell roman. Eg har ikkje skrive den for å underhalde, men for å more meg sjølv, det kan eg vedgå.

– Mora det deg?

– Ja! Og det håper eg folk ser.

– Det kan jo sjå ut som du prøver å valdta lesarane med ei uhorveleg mengd namn, sikkert over tusen?

– Slett ikkje. Eg prøver å gi dei ei stor skjønnheitsoppleving.

– Kvifor ler du?

– Eg ler ikkje!

– Jo, du lo!

– Det var vel berre av genanse for å bruke eit så stort ord. Men eg har dekning for det. Ja, det har eg vel. Ja.

Fra et intervju gjort av Jan H. Landro i Dag & Tid.

Ingen kommentarer: